Forslag til kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune - Os kommune
22: Oselvar-front med to spiralar. Juryen har innstilt dette forslaget til behandling i Fellesnemnda 10. desember 2018.

22: Oselvar-front med to spiralar. Juryen har innstilt dette forslaget til behandling i Fellesnemnda 10. desember 2018.

Formgivaren si forklaring:
- Det første ein må ta stilling til er sjølve forma på skjoldet. Her har eg vald den nye forma med buer ned til spiss. Denne forma kan også assosierast med ein båt-form. Det Os hadde tidlegare med rettare sider og bua botn, som no er avleggs, har eg vald bort. Hovudsymbolet som fellesnemnda har vald er oselvarbåten. Sett frå sida vert dette eit lagt og tynt motiv som eg valde bort. Som nasjonal-båt bør denne bli hovudmotivet og den er lett gjenkjenneleg med tre bord på kvar isde. Men sett framanfrå kjem stevnen og dei tre borda tydeleg fram og den kjende siluetten av båten stevnar no i veg mot framtida. Egh ar vald å forenkla kraftig med tanke på stavn, kjøl m.m. i dette forslaget. Linjeføringa på "bord-gangen" bør reinteiknast då den her ikkje er heilt korrekt.
Det andre sterke symbolet som bør visast fram i våpenet er fjord. Når det også heiter Bjørnafjorden kommune bør dette visast ikkje berre med farge, men også med eit symbol. Med mine to spiral-symbol ser eg fleire tolkningar. Det kan vera to bølgjer som vert spredt ut av båten som fossar fran i godt driv. Det kan vera at dei to bølgjene representerer dei to gamle kommunane som no skal nærma seg og bli ein fjord-kommune. Når våpenet skal vera samlande og identitetsskapande kan ein også med mine spirakar tenkje seg to av dei gamle symbola i Fusa kommune sine jettegryter. Fusa-folket vil kanskje sjå positivt på at symbola deira lever vidare i ny form her. Ser ein etter, kan ein også sjå at begge spiralane ender i ein "volutt". Dette er alltid startstreken og byrjinga i rosemåling som eg tykkjer også bør koma fram i skult symbolsk form (eng: The Os-painting). Om ein ønskjer kan det leggast ein ekstra strek i dette feltet om det skal forsterkast. Vi har sterke tradisjonar med rosemåling i Bjørnafjorden-området. I det heile tykkjer eg resultatet med mitt motiv-val fortel om elegant handverk knytta til kystkulturen både i Os og Fusa.
Når det gjeld fargeval og med fjord i namnet bør det vera blå botn. Både treverk, solfulle bølgjer og detaljar i rosemåling er naturleg å ha gul/gull.